Lovar

ØVM har følgande lovar:

1.1 Namn

Misjonsforsamlinga sitt namn er Ørsta/Volda Misjonsforsamling.

1.2 Arbeidsområde

Misjonsforsamlinga sitt arbeidsområde er Ørsta/Volda Misjonsforsamling.

2.0 Vedkjenning og tilhørsel

Misjonsforsamlinga står tilslutta Norsk Luthersk Misjonssamband, region Nordvest, og er dermed forplikta på Bibelen, den evangelisk lutherske kyrkja si vedkjenning og NLM sine grunnreglar.

3.0 Formål

3.1 Misjonsforsamlinga sitt formål er å utbreie Guds rike i Noreg og på Misjonssambandet sine misjonsfelt, i samsvar med regionen sine lover og NLM sine grunnreglar.

 

3.2 For å verkeleggjere dette (3.1) vert det primært sett fokus på følgjande:
1. regelmessig møteverksemd med tilbod til ulike aldersgrupper
2. utovervend verksemd/arbeid i nærmiljøet for å vinne menneske for Jesus
3. forkynning
4. informasjon om NLM si misjonsverksemd
5. nådegåvebasert teneste
6. givarteneste
7. fellesskap og omsorg
8. nattverdmøte og dåp
9. styrking av foreiningar og grupper
10. danning av nye foreiningar og grupper
11. trus-opplæring for barn, ungdom og vaksne
12. leiartrening.

4.0 Forsamlingar med forsamlingsleiar

Forsamlingsleiar er forsamlinga sin daglege leiar. Forsamlingsleiar har tale- og forslagsrett i forsamlingsstyret, men er utan stemmerett. Han skal leggje planar for arbeidet og skal i samråd med styreleiaren setje opp sakliste og kalle inn til styremøte. Innkallinga skal vere skriftleg og sendt ut minst ei veke på førehand saman med sakliste. Forsamlingsleiar har ansvar for at alle styrevedtak vert sette i verk. Han skal føre forsamlinga sin korrespondanse, ha hovudansvaret for  forkynninga av Guds ord, representere forsamlinga vidare utover og kome med utsegner til media på vegner av forsamlingsstyret.

5.0 Medlemskap

Medlemskap i misjonsforsamlinga kan teiknast av personar som:
1. vedkjenner seg til den kristne trua
2. vil arbeide på den læremessige basis og etter dei formål og vedtekter som kjem til
uttrykk i NLM sine grunnreglar og misjonsforsamlinga sine lover
3. betalar eventuell medlemskontingent, fastsett av forsamlinga.

6.0 Årsmøte

6.1 Misjonsforsamlinga sitt årsmøte bør haldast så tidleg som mogleg på nyåret, seinast innan utgangen av mars.


6.2 Stemmerett på årsmøtet har alle medlemmer som har fylt 15 år. (Se 5.0)


6.3 Årsmøtesaker:
1. årsmelding og revidert rekneskap
2. val:
a. styre med vara medlemar
b. eldsteråd
c. revisorar
d. valnemnd for neste årsmøte
3. samtale om arbeidet i året som gjekk og drøfting av visjon, målsetjingar og
arbeidsplan for arbeidet framover.

 

6.4 Saker som skal behandlast på årsmøtet, må vere kunngjort på vanleg måte og minst tre veker ør årsmøtet skal haldast. Saker som medlemmer legg fram seinare eller på sjølve årsmøtet, å ha 2/3 fleirtal av gitte stemmer for å bli vedtatt.

7.0 Styret

7.1 Misjonsforsamlinga vert leia av eit styre på minst fem medlemmer. Styret konstituerer seg sjølv med leiar, nestleiar, sekretær og ev. andre funksjonar. Om ønskeleg kan styret sin leiar veljast direkte av årsmøtet.
Valperioden for styremedlemmene er to år. Leiar i styret vert valt for eitt år om gongen. Styret har minst to varamedlemmer som er valte for eitt år om gongen.


7.2 Misjonsforsamlinga sitt styre har ansvar for å leie arbeidet i samsvar med NLM sine grunnreglar, og etter dei strategiar og vedtak som er gjorde av årsmøte, regionmøte, generalforsamling og hovudstyre.


7.3 Styret legg fram forslag til budsjett som vert sendt over til regionstyret for godkjenning.


7.4 Styret er ansvarleg for at dei midla som vert samla inn til misjonen, vert forvalta og underlagt ei rekneskapsføring som er i samsvar med gjeldande økonomireglement fastsett av hovudstyret.


7.5 Styret set ned eventuelle underkomitéar som huskomité, julemessekomité, festkomité o.l.


7.6 Styret førebur misjonsforsamlinga sitt årsmøte og legg fram sakliste, årsmelding, revidert rekneskap og eventuelt andre saker. Styret presenterer også budsjettet til orientering.


7.7 Styret for misjonsforsamlinga tilrår for regionstyret når dette skal tilsetje arbeidarar med fast plassering i misjonsforsamlinga. (Jf. Gjeldande tilsetjingsprosedyre i NLM)

8.0. Eldstar

Årsmøtet vel eldstar som saman med forsamlingsleiar har hyrde og læreansvar for
forsamlinga. Eldsterådet består av 3 menn som er valt for ei periode på 3 år. Ein kan ha verv både som eldste og medlem i styret. Eldstane og styre bør ha minst eitt felles møte i året.


8.1. Eldstane har hyrde og læreansvar for forsamlinga, det inneber:
a) Eit særleg ansvar for liv og lære i truskap mot skrifta.
b) Saman med styret hjelpe fram åndeleg vekst og bruk av nådegåver og
frivillig arbeid.
c) Eldstane må ivareta hyrde og lærefunksjonen med visdom og omsorg i møte med enkeltpersonar, styre og forsamling. Det må skje i nært samarbeid med forsamlingsleiar.
d) Eldstane skal saman med styret vere med å tilrå for regionstyret i
tilsettingssaker i forsamlinga. ( sjå punkt 7.7)

9.0 Endring av lovene

9.1 Endring av desse lovene kan vedtakast på årsmøtet med 2/3 fleirtal når forslag er sendt inn til styret minst tre veker før årsmøtet. Paragrafane 2.0 og 3.1 kan ikkje endrast av misjonsforsamlinga med mindre regionstyret, hovudstyret eller generalforsamling i NLM opnar for det. Lovendringar skal godkjennast av regionstyret.

 

9.2 Endring av misjonsforsamlinga sine lover må ikkje kome i strid med grunnreglane for Norsk Luthersk Misjonssamband.

 

Vedtekne på Årsmøte 20. januar 2013.
Ørsta/Volda Misjonsforsamling.

Til toppen