Tre kroner

Søndag 16.12 var me samla til familiegudsteneste. Temaet for møtet var "Tre kroner"

Når Jesus kom kom han som konge og er konge den dag i dag. På gudstenesta på søndag vart me minna om at Kongen Jesus hadde tre kroner. Ei barnekrone, fordi han kom i svakheit som eit spedbarn, eit menneske. Denne krona gjer at han kan ha medkjensle med oss og sjå oss i det me slit med.

Før korset fekk han tornekrona, Jesus kom for å dø for oss han er ein konge som ofrar seg for oss slik at me kan gå fri frå dommen. 

Han har ei kongekrone av gull. Han sit no ved Faderens høgre hand og skal koma att derifrå for å døma levande og døde og fri oss inn i sitt herlege kongerike utan liding, død og synd. 

Til toppen