Sommarhelsing og haustprogram

Her kan du lese litt om korleis hausten vert i forsamlinga vår, og få med deg eit enkelt tips om korleis få tid med Gud gjennom sommaren.
Sommarhelsing
Kort om hausten
Denne hausten vert litt annleis. Vi har framleis restriksjonar og styret har difor landa på følgande løysing:
Fram til haustferien vert det familiegudstenester utan søndagsskule. Her er det plass til 50 personar. I tillegg til dette vert det bibelkveldar kvar onsdag frå 26. august. Litt enklare samlingar med bibelundervisning og samtale.
Etter haustferien håpar vi på å gå inn i normalmodus med vanlege gudstenestar og søndagsskule, men her kan det kome endringar etterkvart. Det vil vere gode smittevernstiltak gjennom heile hausten.
Kort om påmelding
Eit av smitteverntiltaka vi må ha er påmelding og registrering av frammøte. På dei møta vi har hatt no i haust har dette skjedd på epost og telefon. Når femti personar skal på møte så vert dette mykje administrasjon og vi har no eit tiltak som skal lette på dette. All påmelding skjer no på www.øvm.no. Her er det ein enkel knapp som henviser deg til alle våre arrangement. Der kan ein sjå kor mange ledige plassar det er og ein kan melde på fleire personar i gongen. Kjenner du nokon som kan ha utfordringar med dette er det fullt mogleg for deg å melde folk for dei. Påmeldinga stengar 20:00 dagen før møtet.
NB: Ikkje nøl med å melde deg på. Om vi ser at det vert fullt gang på gang, så må vi gjere nokre grep. Om du er open for at andre kan ta få din plass når du er påmeldt så er det berre å melde ifrå om det. Nøl heller ikkje med å ta med deg andre sjølv om det er påmelding. Slik eg kjenner forsamlinga, så er det ingen som vert frustrert for at det er fulle hus. Det er og mogleg å melde seg på ut over heile hausten, gjer gjerne det. Alle som er sett opp på ei teneste, må melde seg på dei søndagane dei har teneste.
Til deg som har teneste
Det er no laga eit utkast til tenestefordeling. Det er fint om alle som har ei teneste kan sjekke om det ser greit ut for dykkar del.Om de ser at de er sett opp ein søndag som ikkje passar er det fint om de kan bytte med nokon andre i tenestegruppa di. De finn semesterplanen her: Semesterplan. (Om de ikkje har tilgong kan de sende epost og spørre om det).
Som de ser er det ikkje sett opp nokon til å ha mat. Vi vil først kome i gang med gudstenester og bli trygge på dette før vi byrjer med matservering.
Program for hausten
Dato | Type møte | Talar |
16. august | Sommargudsteneste m/ nattverd | Steinar Dimmen |
21. august | Bøne- og lovsongskveld | |
22.08.2020 | Familiedag med lunsj og leik | |
23. august | Familiegudsteneste | Hilde Ådland |
26. august | Bibelkveld - onsdag | Steffen, Romerbrevet |
30. august | Familiegudsteneste | Ellen Johansen |
2. september | Bibelkveld - onsdag | Steinar Dimmen |
6. september | Familiegudsteneste | Anders Egil Straume |
9. september | Bibelkveld - onsdag | Steinar Dimmen |
13. september | Familiegudsteneste | Randi Hamre |
16. september | Bibelkveld - onsdag | Steinar Dimmen |
20. september | Familiegudsteneste | Ingeborg Berget |
23. september | Bibelkveld - onsdag | Steffen, Romerbrevet |
27.September | Familiegudsteneste | Steffen |
30. september | Bibelkveld - onsdag | Ole Os |
4. oktober | Gudsteneste (Haustferie) | Lars Kjetil Emblem |
11. oktober | Gudsteneste (Haustferie) | Egil Anders Straume |
14. oktober | Bibelkveld - onsdag | Per Ove Aarseth |
18. oktober | Dele-, bønne og nattverdsgudsteneste | Alle |
21. oktober | Bibelkveld - onsdag | Steffen |
25. oktober | Ettermiddagsmøte | |
28. oktober | Bibelkveld - onsdag | Lars Kjetil Emblem |
1. november | Gudsteneste | Ole Os |
4. november | Bibelkveld - onsdag | Steffen, Romerbrevet |
8. november | Familiegudsteneste | Ingunn Stensland |
11. november | Bibelkveld - onsdag | Lars Kjetil Emblem |
14. november | Julemesse Ørsta | |
15. november | Nattverdsgudsteneste | Steffen |
18. november | Bibelkveld - onsdag | LOKAL |
22. november | Ettermiddagsmøte | |
25. november | Bibelkveld - onsdag | Lars Kjetil Emblem |
29. november | Gudsteneste | Per Ove Aarseth |
6. desember | Adventsfest utadretta 16:00 | Lokal |
13. desember | Nattverdsgudsteneste | LOKAL |
24. desember | Julegudsteneste (14:00) | Steffen |
Til sist:
Lat ikkje sommaren bli ei tørketid for deg. Men nytt denne tida til og å kvile innføre Gud. Finn tidspunkt ila dagen som er sett av til kvile med Guds ord og bøn. Anten framføre ein open Bibel eller andaktsbok eller med Gud sitt ord rett inn på øyret. På denne sida kan du finne ein podcast som dagleg gjer det eit lite stykke frå Guds Ord. Med varsling på, så får du noko med deg kvar dag gjennom sommaren! :)
Med ønske om ein god sommar!
Steffen Stensland, pastor ØVM