Resultat Lilja-aksjonen

28.-30. mai gjekk Lilja-aksjonen av stabelen. Dette resulterte i store inntekter til viktig arbeid i Kenya og Indonesia.

Dette året fikk vi ikkje arrangert Liljabasar i Ørsta/Volda misjonsforsamling. Denne dagen har brukt å vere ein festdag med god mat, åresal, misjonstivoli, tombola, god song, andakt og loddtrekning. 

 

I tillegg til å vere ein kjekk dag for store å små brukar vi å samle inn mellom hundre og hundre og tjue tusen til viktig internasjonalt arbeid. I år velde vi å samle inn til to helseprosjekt, eit i Kenya og eit i Indonesia. Desse kan du lese om her.

 

Vi er utruleg takksame for alle som har vore med å gi til saman 83 400kr. Desse midlane kjem utruleg godt med i det arbeidet vi støttar. Vi er så glade for at vi får være med å hjelpe trengande i Kenya og Indonesia. I ei tid kor ein fort kan sjå si eiga naud først, er det fint å sjå responsen på eit kall til noko som er "Større enn oss". 

 

I samband med denne aksjonen vart det trekt vinnarar av fem premiar. Desse er lista opp nedføre (av personvernshensyn er det berre førenamna som står her, men dei vert snarleg kontakta).

 

iPad 32 gig - Vigdis

iTro-bag - Roger

iTro hettegenser - Bjørg

iTro genser - Magny

Gymbag med tegnesaker - Ragnhild

 

Til toppen