• Marit talar på mannskveld, om det å vere truverdige menn.
  • Marit leier oss på ØVM sin drøymekveld.
  • Foreiningskveld på fredagen, med gjestar frå andre sida av fleire fjordar.

Møteserie med Marit Andersen

Marit fekk bidra på litt av kvart denne veka i juni.

På ei litt annleis møteveke bidrog misjonær, forkynnar og fellesskapsutviklar på litt forskjellig. Denne veka har me hatt mannskveld, kvinnekveld, drøymekveld, foreiningskveld, bibel- og bønnefrukost, kveldsmøte og nattverdsgudsteneste. 

 

Marit har, med Bibel i hånd, utfordra oss på å leve truverdige kristenliv. At kunnskapen vår, forståelsen vår og handlinga vår går hand i hand og veks i lag. Ho har fått minna oss på at me som kristne kan sleppe å frykte døden då me har eit løfte om ei oppstode! 

 

På torsdagen "leia ho oss i drøym", om det går ann å seie. Me som var samla fekk drøyme og tenke høgt om kva ØVM kan vere for oss, for Ørsta og Volda. Her kom mange gode draumar fram!

 

Takk for denne gong Marit!

Til toppen