Liljaaksjonen 2020

I år vert det ikkje Liljabasar, men vi vil ha ein aksjon likevel! Det dristige målet er at vi samlar inn like mykje som vi brukar å gjere. Men i år berre ved hjelp av gåver.

I år kan vi ikkje samlast til Liljabasaren i Volda. Men vi ynskjer likevel å rette blikket utover og sjå på eit oppdrag som er større enn oss.

Kvart år brukar vi å ha Liljabasar i Volda. Denne dagen er ein festdag med åresal, mat, misjonstivoli, kor og andakt.

Dette året får vi ikkje vere saman på denne måten. Dei som har vore med skjønar at ein meters avstand kan ein sjå langt etter på Liljabasaren.

Kenya og Indonesia

Denne basaren handlar likevel om noko som er større enn oss. Vi samlar inn til evangeliserings- og diakoniprosjekt i heile verda. Dei siste åra har vi samla inn i overkant av hundre tusen, og det vil vi gjere i år også.

Dette året har vi valt ut to prosjekt som begge går ut på å betre helsa til lokalbefolkninga i Kenya og i Indonesia. 

Meir utfyllande informasjon om prosjekta finn du her: https://nlm.no/lilja-aksjonen 

 

I ei tid kor vi står i fare for å sjå meir og meir til oss sjølve, ynskjer vi å rette blikket utover og sjå på eit oppdrag som er større enn oss. Vi vil bidra slik vi kan ved å gi til eit arbeid som reddar liv og helse på andre kontinent.

Gi til prosjekta

Om du ynskjer å bidra, så kan du gi via VIPPS, Facebook-aksjonen eller overføre på konto. Aksjonen startar på torsdag, men det er mogleg å gi før :)

VIPPS: ØVM go: #513883

Facebook-aksjon: LENKE KJEM

Kontonummer: 3997.04.29186, Hugs å merke med «Lilja-aksjon»

 

Laurdag 30. mai klokka 20:00, vil vi trekke fem vinnarar blant givarane på Facebook og VIPPS. Hovudpremien er ein iPad (2019) 32GB WiFi til ein verdi av 3999,-. I tillegg til denne vert det fire mindre premiar.

Til toppen