Kva lyttar vi til?

Eldstane i forsamlinga hadde møte torsdag og samtala mellom anna om forkynninga i forsamlinga.
Ei av oppgåvene som eldstane i forsamlinga har er å samtale om og sjå på heilheita i forkynninga. Målet er at vi som fellesskap får lytte til sunn og god undervisning frå heile Bibelen. På det jamne brukar vi å nytte søndagens tekst som utgangspunkt, men dei som talar og underviser hjå oss står og fritt til å velje noko anna.
Sidan september 2018, har vi og brukt mykje tid i Romerbrevet og gått gjennom dette. Dette har vore nyttig, og vi kjem sikkert attende til fleire skrift i Bibelen som vi går gjennom.
Denne våren ynskjer vi å bruke meir tid på søndagens tekst, som er sett opp gjennom kyrkjeåret før vi eventuelt går i gang med noko nytt skrift.
Eldstane vil gjerne ta imot innspel frå folk i forsamlinga om det er noko undervisning dei saknar eller kunne tenke seg. Har du innspel er det berre å ta kontakt med Steinar, Per Ove eller Steffen som kan ta det med seg når det neste semesteret skal planleggast.