Korona-informasjon

I denne saken vil vi ha oppdatert informasjon om kva tiltak ØVM gjer i denne situasjonen.

ØVM vil følge dei restriksjonane som Volda kommune gjer i tillegg til NLM sine retningslinjer. Oppdatert informasjon frå Volda kommune finn du her:

Korona-info Volda kommune

Oppdatert 02.04.2020 12:00:

All aktivitet er avlyst til og med 2. påskedag. Vi vil deretter følge anbefalingane frå myndigheitene når det gjeld samlingar. 

 

Etterkvart reknar vi med at gudstenestane i ØVM vil gå som normalt. Når vi så startar opp att vil vi be om at alle som kjem tek visse førehansreglar og legge til rette på denne måten:

- Vi vaskar alle hendene for å forhindre smitte

- I ei periode så helsar vi med smil og ikkje med hender eller klemmar

- Det vil ikkje vere kyrkjekaffi inntil vidare

- Det vil vere håndsprit ved ankomstdøra

- Særleg utsatte grupper ber vi ta særlege førehandsreglar (om oppmøte er mogleg).

- Om du er sjuk så ber vi deg være heime den aktuelle søndagen av hensyn til fellesskapet.

 

 

Som forsamling så tek vi desse grepa, ikkje i frykt for viruset, men i solidaritet for dei som kan verte ramma hardast og fordi øvrigheitene som vi skal underordne oss ber oss om det. Så vil vi gå i forbøn hos Gud for vår verden og be både for dei som er sjuke,dei som er redde og dei som skal ta kloke avgjerder. 

 

Sist oppdatert informasjon finn du på folkehelseinstituttets nettstad: www.fhi.no . Her og hos www.helsenorge.no finn du den informasjonen du treng og konkrete råd. Spørsmål om korona skal rettast til informasjonstelefon for korona på: 815 55 015 eller den lokale i Volda: 970 11 773.

Til toppen