Konfirmasjon!

På laurdag er det konfirmasjon av dei frikyrkjelege konfirmantane i Volda frikyrkje. To av våre vert konfirmert saman med sju andre. Gudstenesta vert streama.

På laurdag vert Hanna Belt og Sarah Ulstein konfirmerte. Konfirmasjonen skulle vere 15. mai men vart utsett til no. Dei har fulgt konfirmantopplegget som forsamlinga vår har hatt saman med Pinsekyrkja og Frikyrkja i Volda. 

 

Vi gler oss stort over å få feire denne dagen saman med dei og det vert ei markering søndag 22. august i ØVM. 

 

Dei som vil følge konfirmantgudstenesta kan gjere det her:

Konfirmasjonsgudsteneste Volda Frikyrkje - YouTube 

 

Til toppen