I unntakstider

I ei tid der vi ikkje får kome saman alle mann alle kan vi samla oss i bøn til Gud der vi er kvar enkelt.

Gudstenesta den 15. mars er avlyst og det kan skje med fleire.

Når det gjeld gudstenesta 29. mars, møta etter dette og påskemøta så avventar vi anbefalingar frå myndigheitene.

 

I denne situasjonen så oppmodar vi kvarandre til å ta seg av kvarandre som søsken og naboar om enn med ein meters avstand. Kanskje får vi i denne situasjonen eit særleg høve til å tene vår neste. Tre anbefalingar for oss alle:

 

Søndagen

Bruk denne dagen til Guds Ord og bøn, gjerne i mindre fellesskap.

nlm.no, vil det være mogleg å følge ein gudsteneste der søndag 11:00.

 

For dei som har born anbefalar vi å legge opp til eit enkelt opplegg slik at borna og blir inkludert i samlinga:

Ta utgangspunkt i noen ressurser man allerede har hjemme, og kjør en helt enkel familieandakt:

 

Ordet​ - les fra Bibelen, barnebibel, andaktsbok

Bønnen - be sammen, en eller flere - fri eller fast bønn

Sangen - syng sammen, bruk gjerne playback

Tips:

Gjør det enkelt og kort

Finn en form og rytme som passer for dere.

Finn tidspunkter og dager hvor dere har tid.

Bruk sanger, og gjerne også bønner som alle kjenner til.

 

Smågruppene:

 

Smågruppene vert ikkje gjennomført i denne perioden etter anbefalingar frå kommuna. Nokre vel å samle seg på nett i videokonferansar, dette er veldig bra. Denne situasjonen får ringverknadar langt ut over sjukdom og helse. Her er folk som kan miste jobben, bedrifter som kan gå konkurs og mange som er urolege. Dette gir oss mange bønneemner, og det å samlast på nett i bøn er verdifullt!

 

Forbøn og bøn:

Lat oss nytta denne fastetida til å gå i forbønn for:

  • Leiarar i alle samfunnslag.
  • Helsepersonel og beredskap
  • Folk som er isolert og einsame i denne tida
  • Dei som er ramma av sjukdom og pårørande
  • Misjonsarbeidet vårt;
    • Det er mange som ikkje får kome saman og lytte til det ordet vi så gjerne vil dele, be om at vi når ut på nye måtar.
    • Arbeidet vårt er bygd på gåver, når så mange arrangement vert avlyst vert det og mindre gåveinntekter.

For dei som ynskjer så kan dei delta på felles bønnemøte 22:00-22:30, her er det allereie 1300 som er med:

https://www.facebook.com/events/1043333606040280/

For dei som ikkje er på facebook er opplegget slik:

Forslag til program:

Tenn eit lys. Lat det bli stille rundt deg og i deg.

Les ein bibeltekst. For eksempel Salme 91 eller 2. Krøn 7,11-15

- Be for dei du tenker på og er bekymra for

- Be for helsepersonell, og for dei som har makt og ansvar

- Be for dei som er sjuke

- Be om beskyttelse for dei som enno ikkje er smitta

- Be for verda. Spesielt for dei som har dårlegare tilgang på helsetenester

 

Om nokon ynskjer samtalar i denne tida, så gi beskjed. Det er ikkje noko som er for lite og ikkje noko som er for stort.

 

 

 

Eit ord frå vår allmektige Gud som har kontroll over det vi ikkje maktar til slutt:

 

Då det leid til kvelds same dagen, sa han til dei: «Lat oss fara over til andre sida av sjøen.» Dei lét folkemengda bli att og tok han med seg i båten der han sat. Andre båtar følgde òg med. Då kom det ein hard kvervelstorm, og bølgjene slo inn i båten så han heldt på å gå full. Jesus låg i bakskuten og sov på ei pute. Dei vekte han og sa: «Meister, bryr du deg ikkje om at vi går under?» Då reiste han seg, truga vinden og sa til sjøen: «Tei og ver still!» Då gav vinden seg, og det vart blikande stilt. Og han sa til dei: «Kvifor er de så redde? Trur de enno ikkje?» Men då vart dei endå reddare og sa seg imellom: «Kven er dette? Både vind og sjø lyder han!» Markus 4,35-41

Til toppen