Herrenes aften

God mat, samtale og andakt for menn på tvers av generasjonar.

Før korona-restriksjonane vart sette i verk, rakk Ørsta/Volda misjonsforsamling å gjennomføre ein planlagt mannskveld eller «Herrenes aften» på bedehuset i Volda 11. mars. Tiltaket svara til eit tilsvarande opplegg for damer i januar. Bedehussalen var fint pynta, og Sylvia Tactacan og Randi Hamre serverte smakfull festmat. Simon Morris heldt ei personleg og evangelisk andakt, og Anders Egil Straume var festleiar. Frammøtet var godt, og det var positiv stemning og god samtale rundt borda. Mange takk til dei som la alt så vel til rette!       

Til toppen