Helsing frå Elisabeth

Her er ei helsing med gode ord frå Elisabeth som er medlem i forsamlinga.

I denne litt spesielle tida, så er det så godt at vi kan ha noko som er konstant i livet vårt! Noko vi kan klamre oss fast til, når livet tar ei anna vending, eller når bekymringane tek overhand.

Der er mange vers i bibelen som talar til oss om at Jesus er tryggleik. Han er håp og han er kvile. Ein klippe som går framfor oss og gjev oss ly. Sjølv i «dødsskuggens dal» vil han gå med oss, og trøyste. Sjølv om eg ikkje veit noko om dagen i morgon, så kan eg vere trygg på at Jesus vil vere der, og halde meg i handa.

 

Eg har lyst å dele eit av mine favorittvers, frå Romerane 12.12:

            «Vær GLADE i håpet, TÅLMODIGE i trengselen/motgangen, UTHALDANDE i bønna.»

Det er så godt å bli mint om at vi kan glede oss med kvarandre, for det trufaste håpet vi har i lag som sysken! Vi kan oppmuntre kvarandre til å vere tålmodige i denne tida, og saman vere uthaldande i bøna! Hugse på kvarandre, fellesskapet, landet og verda, i BØN.

 

Og sjølv gjennom tunge dagar, så skal vi få den styrken vi treng. Eg vil dele noko eg høyrde på ein podcast for eit par veker tilbake. Den kjende forkynnaren D.L.Moody blei ein gong stilt følgjande spørsmål: «Moody, trur du at du har kraft og frimodighet nok til å gå i døden for Jesu namns skuld? D.L.Moody, som hadde leda så mange menneske til tru på Jesus, svarte praktisk og jordnært: «Nei, eg har ikkje den krafta i dag. For i dag har eg ikkje bruk for den. Men skulle den dagen kome at eg blir kalla til å gå i døden for min Frelser, då veit eg at han også då vil gje meg den krafta eg treng. Så siterte han bibelverset frå 5. Mos. 33.25:

            «Som dine dagar er, skal din styrke vere.»

 

Sjølv «uvanlege» eller utfordrande dagar, så ynskjer eg å oppmuntre til å glede oss saman. Glede oss over livet vi har, over at vi får bu i eit av verdas rikaste land, og at vi får høyre til ein trygg og kjærleg pappa i Himmelen J Lat oss vere uthaldande i bøna, og tålmodige i ei elles spesiell tid. Takk for fellesskapet vi har ilag!

Til toppen