Heimegudsteneste

Det er to gudstenestar no i desember som vert flytta inn i heimane. I tillegg vert jula feira heime.

På grunn av smittesituasjon i Volda og tilråding frå myndigheitene vel vi å flytte gudstenestene våre heim til og med 9. januar. 

Vi legg opp til at vi kan invitere enkeltpersonar og husstandar til å feire gudsteneste i heimen saman. Så håpar vi at fleire vil nytte tilbodet som vi har laga og at det kan verte til velsigning for mange. Jesus sa, der to eller tre er samla i mitt namn er eg midt i blant dykk. Akkurat no ser vi fordelen av å vere litt færre samla, så ser vi fram til å vere samla alle saman etter kvart. 

Med dette vil vi ynskje dykk alle ei god julefeiring!

Til toppen