Gudsteneste 21.03 Avlyst

Gudstenesta på søndag er avlyst på grunn av smittesituasjonen i Volda.

Etter drøfting med styret er gudstenesta 21. mars avlyst. Det betyr at neste planlagde samling er sundagssamling 17:00 palmesøndag. Så håpar (og ber!) vi på å få ei med lågare smittetrykk. Vi vil legge opp til sundagsskule på skjærtorsdagen.

 

Etter stadige utsettingar og avlysingar hjå oss og i samfunnet generelt så vert mange av oss trøyte. Dette er ei tid som legg det inn over oss, at livet med Jesus er eit liv vi lev saman. Å difor er det naturleg at vi saknar noko. Samstundes er livet med Jesus ikkje berre aktivitet og møter, men ein open Bibel, falda hender og Andens nærvær i den enkeltes kvardag.

 

Ei oppmoding til sist; vi er inne i fasten endå. Vi ser fram mot påska og det som hende der. Sett deg eit mål om stille stunder, som familie, åleine eller saman med nokre vener, stille stunder i bøn for flokken vår, for folket vår og for bygdene våre.  Så er vi så heldige at misjonssalen Ålesund framleis sender digitale gudstenester. Dei finn de her: Misjonssalen Ålesund - YouTube

 

«Herren er nådig, vi går ikkje til grunne. Hans miskunn tek ikkje slutt, ho er ny kvar morgon. Din truskap er stor. Eg seier: Herren er min del, eg set mi von til han.» Klagesongane 3,22-24

Til toppen