Gradvis oppstart av arbeidet

Ørsta/Volda misjonsforsamling startar opp med onsdagsmøter den 20. mai. Dette vert møter med påmelding og med større smittevernstiltak.

Onsdag 20. mai startar vi opp med onsdagsmøter. Vi gler oss over å få kome i gang igjen, sjølv om det er nokre nye rammer vi treffest i. Det er omfattande smittevernsrutinar slik at folk skal vere trygge på at vi tek dette på alvor. Desse rutinene finn du lenger nede i saka. 

 

Påmelding:

For at vi ikkje skal stanse folk i døra når vi no samlast, er det påmelding til møta. Når de skal mede dykk på så kan de gjere det til epost: sstensland@nlm.no/ tlf: 97069526. I påmeldinga må det stå fullt namn og telefonnr til dei som melder seg på. 

Det er høve til å melde på fleire enn seg sjølv, så sant informasjonene er med og det er avklart med den du meldar på. Kanskje er det ein eller ei du tenker du kunne tatt med på møte?

 

Når vi no samlast att, lat oss gjere det utan frustrasjonar. Mange kan kjenne seg trøyte av tiltak i arbeid og privatliv. No kjem desse tiltaka også inn i forsamlingslokala. Lat oss no søke å gle oss over at vi får samlast og forsona oss med rammene vi har ei stund framover, vel vitande om at alt blir bra.

 

Smittevernrutinane som ØVM nyttar bygg på smittevernsveilederen til NLM. Denne er utarbeida i samband med Norges Kristne Råd, som har samarbeida med Helse myndigheitene og barne- og familiedepartementet. 

 

Nedanfor ser de rutinane våre, om de skulle ha spørsmål, kan desse sendast til Steffen Stensland, som er pastor i forsamlinga: sstensland@nlm.no.

 

Smittevernrutine for gjennomføring av møter i Ørsta/Volda misjonsforsamling

Med utgangspunkt i smittevernveileder for fellesskap i NLM, har styret i Ørsta/Volda misjonsforsamling vedteke følgande rutine for gjennomføring av offentlege møter i ØVM.

Denne rutina gjeld inntil vidare.

 

Vi vil nedføre vise korleis ansvaret er fordelt. Utgangspunktet er å følge opp dei fire grunnpilarane for å bremse smittespreiing:

 

  1. Sjuke personar skal ikkje delta på møter
  2. God hygiene
  3. God avstand og minst mogleg kontakt mellom personar
  4. Minst mogleg felles nytte og berøring av inventar og utstyr

 

Under er ei liste over oppgåver som skal gjennomførast i samband med møter. Her er også ei rollefordeling, men ein person kan ha fleire roller. Det er styret/pastor som er ansvarleg for å oppnevne ein ansvarleg arrangør for møter i regi av ØVM. Ansvarleg arrangør har ansvaret for at alle rollene i samband med eit møte er ivaretatt.

 

-        Ansvarleg arrangør

-        Sørger for at det, i god tid før møtet, vert informert (som et minimum på forsamlinga si facebookside og nettside) om at personar med sjukdom eller symptom på sjukdom ikkje skal delta på møte.

-        Sørger for at det ikkje kjem meir enn 50 personar inn på møtet.

-        Sørger for at avstandsreglar vert overheldt under møtet.

-        Fører liste over kven som var til stades på møte, med tilhøyrande telefonnummer. Pastor er ansvarleg for å makulere/slette listene ein månad etter møte i regi av Ørsta/Volda misjonsforsamling.

-        På lista skal ansvarleg arrangør også kvittere for at smittevernrutinane våre vart følgt i samband med møtet. Eventuelle avvik skal det meldast frå om på same liste.

 

-        Møtevert

-        Tar imot dei som kjem og ser til at avstandsreglar verdt overhaldt på veg inn til og ut frå møtet.

-        Sørger for at folk nyttar handsprit ved åtkomst.

-        Informerer om reglar for plassering inne i salen. Personar frå same husstand kan sitte samen, andre må halde minst en meter avstand.

 

-        Reinhaldar (Reinhaldar og møtevert kan med fordel vere same person)

-        Nyttar spray og eingongsklut og vaskar over dørhandtak, vaskeservantar, bordflater, trappegelendre, toalettringar og andre gjenstandar eller kontaktflater i forkant av møtet (15-30 min før møte).

-        Ser til at det som er gjort av “faste ordningar” i forbindelse med smittevern, ikkje har blitt endra på. Dette gjelder:

-        Plakatar med informasjon om smittevernrutine heng oppe både i gangen, på inngangsdør og i møtesalen.

-        Plakatar med informasjon om rutine for handvask/desinfeksjon heng i gangen, på inngangsdøra og på toaletta.

-        Det står desinfiseringsmiddel lett tilgjengeleg på bord i gangen. Fyll på ved behov.

-        Avstanden mellom stolrekkene er minimum 1 meter.

-        Ser til at det er tilstrekkeleg såpe/papir ved servantar, og etterfyller ved behov (ligger på lager på handicap toalett)

-        Ser til at utstyr som blir handtert av fleire, til dømes piano, vert tørka over med vann/såpe el. desinfisering når det er ulike personar som handterer dette.

 

-        Møteleiar

-        Kontaktar vaske-ansvarleg(liste med oversikt heng i gangen) ved synleg behov for reinhald i etterkant av gjennomført møte (slik at dette vert gjort før neste møte).

-        Tømer, i etterkant av møtet, eventuelt fulle søppelbøtter på toaletta, og legg i ny pose ved behov for dette.

 

I tillegg er følgande bestemt fra styrets side:

-        Loftetasjen skal ikkje nyttast i samband med møta. Difor omfattar ikkje denne etasjen av same smittevernstiltak som hovudetasje.

-        Det vert ikkje servert mat og drikke før, under eller etter møta.

-        Det tas ikkje opp kollekt i benkeradene. Folk må anten gi via Vipps, eller i kollektkurv som står bak i lokalet.

-        Songbøker vert ikkje nytta i møta.

-        Leiker og teiknesaker for borna skal ikkje nyttast i møta, og vert fjerna frå bedehusets hovedsal.

-        Nattverdmøter vert ikkje gjennomført før det evt. føreligg ein plan for korleis dette skal gjerast på en smittesikker måte.

 

Denne rutina er gjennomgått og godkjent i styret i mailmøte, tysdag 12. mai 2020

 

Til toppen