Ein eigendom med stort potensial!

Like før påske signerte NLM eigendom kontrakt for kjøp av Elvegata 7. og 9. lokala som Møre konfeksjon eig og Volda handball har helde til i fram til Volda Campus Arena opna.

Bildet viser bygget som etterkvart skal nyttast til gjenbruksbutikk og forsamlingslokale.
Bildet viser bygget som etterkvart skal nyttast til gjenbruksbutikk og forsamlingslokale.

Dette er ei spanande tomt med stort potensial. Målet med eigendommen og lokala er å ha gjenbruksbutikk og forsamlingslokale. Slik lokala er no så krevast det omfattande ombygningar for å få på plass ein forsamlingssal i bygget.

 

I første omgang vil det difor vere gjenbruksbutikk i mesteparten av lokalet som har to etasjar. I tida framover vil vi sjå på korleis vi kan få til eit godt forsamlingslokale på eigendommen innføre dei økonomiske rammene vi har.

 

Målet er ei misjonal tomt der mennesker får møte Jesus, glede seg over evangeliet og være med å samle inn til diakoni og misjon i Norge og internasjonalt!

 

Ver gjerne med å be for prosessen vidare at vi finn tenelege løysingar som kan hjelpe oss med å verkeleggjere visjonen vår "Større enn oss"!

Til toppen