Besøk av Marit Andersen

11.-16. juni får me i ØVM besøk av Marit Andersen på ei litt annleis møteveke.

11.-16. juni er me så heldige at me får besøk av misjonær, forkynner og fellesskapsutvikler Marit Andersen. Denne møteveka er litt utanom det vanlege:

Me har den i juni, for då har me betre tid. I tillegg vert det litt forskjellige kveldar ila veka. Tysdag er det mannskveld og onsdag er det kvinnekveld. Her ynskjer me å samle kvinner og menn i alle generasjonar kvar for seg. Marit er førebudt på dette, og vil prøve å seie noko målretta til kvar gruppe. 

Torsdag er det "Drøymekveld", og då vil me i tillegg til å få ei andakt, drøyme litt høgt om kva Gud kan nytte Ørsta/Volda misjonsforsamling til i framtida, og kva me ynskjer at forsamlinga kan vere for oss.

Fredag er det misjons- og foreiningskveld, her er alle foreiningar i området spesielt invitert, men møtet er ope for alle!

Laurdags morgon er det bibel- og bønefrokost for alle generasjonar frå 09:00-10:00 og laurdags kveld er det kveldsmøte. Veka vert avslutta med nattverdsgudsteneste søndag 11:00. 

Me gler oss til ei veke der Guds Ord skal få rikeleg rom i blant oss!

Til toppen