August, seinsommar og familiegudsteneste

Seinsommaren er her men gudstenestene startar ikkje før 18. august, det er likevel ingen hindring for å feira søndagen og samlast om Gud sitt Ord!

Før sommaren fekk dei av oss som var samla til avslutning oppfordringen til å samlast som familie eller vener rundt Guds ord på søndagane i sommar når forsamlinga ikkje har gudstenestar. Endå er det eit par søndagar igjen før oppstart 18. august. Lat søndagen få være den kviledagen som den er meint å vere, og nytt høvet til å samlast om ein bibeltekst, i bønn og gjerne i lovsong om de ynskjer det. Her er eit enkelt opplegg for ein familie:

 

Ein kan leie samlinga og opne med ei kort bøn. Syng ein song, eller eit songvers (ein barnesong om det er born med, eller eit enkelt vers). Les søndagens tekst som du finn på bibelen.no. Del med kvarandre kva de la merke til. 

Ha deretter ein bønerunde der kvar og ein får høve til å be og avslutt med ein song igjen.

 

Om du eller de ynskjer noko meir enn dette, så kan de sjekke ut podcasten som foross.no har om søndagens tekst.

 

Nyt seinsommaren og ferien, om du stadig har det :)

Til toppen