Årsmøte og strategi

Når vi går, så går vi i lag. Ørsta/Volda misjonsforsamling har sagt kva vi vil arbeide for dei neste fem åra.

Etter ein dele-, bønne- og familiegudsteneste, der alle generasjonar deltok i bøn og deling, starta årsmøtet 2020. 

Den største saka som var oppe på dette årsmøtet var strategien for 2020-2025. Denne strategien skulle bygge videre på det etablerte og samstundes strekke oss. Denne strategien sa både noko om å utruste oss som kristne og uttrykte ønsket om at fleire må bli kjend med Jesus vår Herre og frelsar. Vi sa noko om at vi ville vekse både i truskap og antal. Strategien seier også noko om å forvalte ressursar og gi til arbeid som ikkje berre dreiar seg rundt oss men eit internasjonalt kall. Dette er i tråd med visjonen vår "Større enn oss". 

Med momenter om alt frå grunderverksemd, bygg, planting av nytt fellesskap, forkynning og givarteneste, så ser vi dette som ein spenstig strategi for framtida!

Til toppen