Adventsfest med fullt hus!

Søndag 8. desember var det adventsfest i ØVM, her var mykje folk og alle fikk noko med seg.

Søndag 8. desember var det adventsfest i Ørsta/Volda misjonsforsamling. Då klokka var blitt fire var huset fullt og festen opna med julespel.

Etter julespelet, der vi fikk ei reise til Betlhemsmarkene og Jesu føderom, song vi i lag, lytta til fin song og fekk lytte til ei andakt.

 

Folk nytta høvet til å prate (og leike) i lag etter programmet og det var pepperkaker, kaker, klementiner og gløgg til dei som ville ha det. Dette freista til gjentaking!

 

Til toppen